On 11 Aug 01, at 13:32, Kjetil Torgrim Homme wrote:
Burde vi standardisere meir nøye enn læreboknormalen? Eg tenkjer spesielt på om vi skal bruke a- eller e-infinitiv. Eg held ein knapp på e-infinitiv sjølv sidan eg er sunnmøring :-) Kløyvd infinitiv er eg ikkje mann til å skrive rett sjølv.
Kløyvd infinitiv ligg utanfor læreboknormalen.
Sjølv brukar eg e-infinitiv (bakgrunn frå Gudbrandsdalen og med foreldre frå Sunnfjord, og med elles eit omflakkande liv bak meg), men det viktigaste er at det er konsekvens innanfor eitt og same program. Eg synest godt somme program kan ha e-infinitiv, andre a- infinitiv. Elles ser eg at www.nynorsk.org i sine skrivereglar, har ført opp a-infinitiv, jf. http://www.nynorsk.org/anp/ymse.html
I det tilfanget vi gjev ut i Språrådet, freistar vi ha litt med a-infinitiv, litt med e-infinitiv.
Jon Grepstad