On Fri, 2008-05-16 at 20:45 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Fredag 16 mai 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
DATO KLOKKESLETT skrev du:
meiner du dette bokstavleg? eg synest ikkje det er så nyttig (eller korrekt) å bruke "du" -- dei som les meldinga kan vere med på Cc eller liknande.
Nei, dette blir berre brukt når du vel «Svar til», og då er formatet fornuftig.
tja. viss du vidaresender ei melding med nøsta sitat til nokon andre i etterkant, vert det ikkje så lett å finne ut av. om begge brukar Kmail, er det "du" som har skrive alle kommentarane...
Onsdag 14 mai 2008
dessverre godkjenner Språkrådet denne skrivemåten. eg synest det ser fælt ut sjølv.
Kor har du det frå at Språkrådet godkjenner skrivemåten. På nettsidene deira finn eg berre at rett skrivemåte er med punktum: http://sprakradet.no/Raad/Skriveregler_og_grammatikk/Dato/#dato
sannsynlegvis eit gammalt Språknytt. etter ein del graving fann eg dette utdraget frå «Godt språk i lærebøker» (1999):
Tidlegare kunne ein sløyfe punktum ved al- fanumerisk datering (altså når ein skreiv må- nadsnamnet med bokstavar). Dette unntaket gjeld ikkje lenger. Ein må nytte punktum her som elles ved rekkjetal: (den) 8. juli.