On 2004-04-23 20:03:26 +0200, Håvard Korsvoll said:
Eg prøver å finne ei norsk omsetjing for «Heard Island and McDonald Islands». Eg har sett etter på Gustav Foseid si flotte side med omsetjingar av land i ISO-3166-1 tabellen [1]. Men der manglar «Heard Island and McDonald Islands» (landet står i ISO-3166-1 tabellen med landkoden HM). Eg har også prøvd å søkje gjennom [2]. Men eg treff ikkje på noko med korkje «Heard» eller «McDonald». Eg håpar eg kan få svar på dette nokså fort. Så skal eg sørgje for at Gustav Foseid får oppdatert lista si.
På ei dansk side[1] er namnet omsett til dansk og svensk - høvesvis "Heard- og McDonaldøerne" og "Heardön och McDonaldöarnai". Både McDonald og Heard er særnamn (på oppdagarane av øyene, høvesvis Briton William McDonald og John Heard, sjå [2]), så det logiske norske namnet er vel "Heard- og McDonald-øyene" (jfr. "Wallis- og Futunaøyene" og "Turks- og Caicosøyene").
Sidan dette er ubebudde øyer under australsk herredøme[3], har dei og vil dei neppe få noko offisielt norsk namn, utover det som følges logisk av norske språkreglar. Og det gjer vel mitt forslag, så vidt eg ser.
[1] http://www.at-rejse-er-at-leve.dk/navne/landenavne_dk_h.htm [2] http://www.70south.com/resources/islands/heard [3] http://www.cia.gov/cia/publications/factbook/geos/hm.html
Magni :)