Eg har no oppdatert filene til Norsk ordbank til siste versjon i SVN.
Det einaste nye er at nynorsk har fått inn eit nytt ord, «muskatnot», og bokmål har mista desse gamle «samnorskorda» (pluss bøyingar):
raudt [«raud» var ute frå før] kromraudt lutoske [tydinga er lut-oske – no med eineform «lutaske»] ho (hoa/hoen, hoer, hoene) strete
Ho i uttrykk som «ho, ho» er ikkje fjerna. Det hadde jo vore synd no i desse juletider … *<|:-)
For øvrig har dei *enno* ikkje retta opp dei (mange!) feilaktige oppføringane som eg har fortalt om her på lista før.