Den 21.02.2013 16:13, skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Funksjonsnamn i rekneark. Under arbeidet med å omsetje LibreOffice 4.0 har eg kome over ein del funksjonsnamn med feil eller manglar.
*Ikkje omsette:*
BAHTTEXT. Forslag: BAHTTEKST. (Gjer eit tal om til tekst i Thai) DATEDIF. Forslag: DATODIFF. (Tal på heile dagar, månader eller år mellom to datoar) EXP. Forslag: EKSP (som i Excel). (Eksponenten av grunntalet e) Desse skulle det vere kurante å bruke?
*Ulikt nb og nn:*
LOOKUP -> SLÅ.OPP (Nå: (nn) SLÅ.OPP / (nb) FINN.NÅ / (Excel) SLÅ.OPP)
Her har eg rota litt. I LibreOffice 4.0 er desse omsette på bokmål. Der heiter det BAHTTEKST, DATODIFF, EKSP OG SLÅ.OPP. Denne delen av originalinnlegget kan såleis sløyfast.
Orsakinga for meg er at den maskinen eg køyrde bokmålsversjonen på ikkje var oppdatert. (Har ikkje funne noen måte å køyre to versjonar samstundes på same maskinen).
Kolbjørn Stuestøl