Karl Ove Hufthammer skreiv:
Laurdag 29. desember 2007 skreiv Klaus Ade Johnstad:
I kde når jeg høyreklikker, så kan jeg velge "Lag ny->Mappe", når jeg gjør det så blir jeg spurt om "katalognavn", forvirrende.
Det skal konsekvent vera «mappe» begge plassar, jf. fellesordlista vår. Eg har no retta det i kde3-stable og kde4-trunk.
Det er verdt å merka seg at dei opphavlige engelske tekstane er inkonsekvente, og at det av og til snik seg inn ein «directory», sjølv om ein i KDE *skal* bruka «folder» konsekvent.
Det er òg verdt å merka seg at me ikkje kan kjøra automatisk søk og erstatt på dette, då det finst mange samanhenger der det er snakk om katalogar, eksempelvis når det gjeld katalog- tenester på nettet.
I GNOME er regelen at det heiter "directory" bortsett frå når ein snakkar om noko som vert grafisk framstilt som ei mappe, då heiter det "folder". Dvs. at det vert noko slikt: "the file is in your home directory" og "double-click the Music folder". Har me same regel her, at alt skal setjast om til «mappe»?