(Dette er nok strengt tatt ikkje rett list å spørja om slikt på, men eg reknar med at det er størst sjanse for at nokon veit svaret her.)
Eg undrast på kva som er rett locale-kode for nynorsk. Altså, ikkje kva som fungerer, men kva som er den Korrekte og Standardiserte [tm]. Såvidt eg kan sjå, har maskinen eg brukar nett no definert "nn_NO", "nn_NO.utf8" og "nynorsk" som nynorsk-kodar i tillegg til den "generiske" (dvs. bokmål) "no_NO". I tillegg er det nokon maskinar som har "no_NY" definert.
Ut frå listenamnet virkar det som om det er "nn_NO" som er Rett, men er dette ein opplest og vedtatt standard? (Og i så fall, kor kjem dei andre frå?)
((Og, for å koma endå lenger vekk frå listetemaet, går det an å definera ei priortitert liste med locale-kodar, eller må ein nøya seg med ein?))