Måndag 28. juli 2008 skreiv Eirik U. Birkeland:
:-) Ja, forstår kva du meiner, men samtidig er det jo ikkje slik at
ein skriv t.d. «resspekt», sjølv om dette ville ha vore logisk ut frå «austnorsk uttale». Ein annan del av det som får meg til å mislike «resurs» er at det for meg, som aldri har sett det skrive slik, rett og slett ser ut som ein amatørmessig skrivefeil.
Eg har no lagt til austnorskforma ( ;-) ) «ressurs» til MagicPO-ordlista for nynorsk. Alle former av «resurs» skal då automatisk endrast til «ressurs».
Eg har planar om å kjøra rettingane på alle KDE-omsettingane samtidig med maloppdateringane, men det er framleis nokre feil att i MagicPO som gjer at dette ikkje fungerer enno.