Eg lurte på kva substantivet «dial» i for eksempel «tablet dial» skulle omsetjast til, og ordboka mi var ikkje til hjelp («solskive», «urskive», «nummerskive» o.l.). Men svaret er «dreieknapp», så no har eg lagt det inn i fellesordlista.
Det er altså snakk om slike runde knappar ein kan dreia, gjerne sett på miksebord og liknande.
Alternativ kunne vera «hjul», «dreiehjul» og «dreiveskive», men det verkar som «dreieknapp» er det vanlege ordet.