19. apr. 2015 10.01 skrev "Karl Ove Hufthammer" karl@huftis.org:
Eg synest ikkje «markup language» er noko godt engelsk ord på dette (og
det er dermed eit dårleg utgangspunkt for omsetting). Kva med å berre kalla det «formelspråk(et)».
Eller «formelkodar».
Eg er til dels samd med Karl Ove i at dette ikkje er eit (godt) markeringsspråk. Medan nokre symbol vert markert med %-kodar, sånn som %alfa, er det andre som ikkje skil seg ikkje ut frå annan tekst, til dømes simeq og sum. (Eg synest òg at om %alpha vert omsett til %alfa, så bør òg simeq omsettast.)
Eg likar ikkje «formelkodar» av di kodane ikkje treng å inngå i ein formel. Kva med «symbolkode» eller berre «kode»?
-Thomas