Åsmund Skjæveland aasmunds@student.matnat.uio.no wrote in news:20020410184423.G49099@bzzzt.fix.no:
Eg undrast på kva som er rett locale-kode for nynorsk.
'nn_NO' eller 'nn'.
Ut frå listenamnet virkar det som om det er "nn_NO" som er Rett, men er dette ein opplest og vedtatt standard?
Ja. Nynorsk har fått språkkoden 'nn' i den offisielle internasjonale standarden ISO 639-1. I RFC 3066 er språktaggar definert som 'språkkode' (ISO 639-1) eller 'språkkode-landskode' (landskoden er definert i ISO 3166-1). Korrekt språktagg for nynorsk er altso 'nn' eller 'nn-NO'. Av ein eller annan grunn brukar Linux '_' i staden for '-' og lokale-kodane blir då 'nn' eller 'nn_NO'.
(Og i så fall, kor kjem dei andre frå?)
Tåpelig forsøk på å laga språkkodar på eiga hand. Sky dei gjerne som pesten.
((Og, for å koma endå lenger vekk frå listetemaet, går det an å definera ei priortitert liste med locale-kodar, eller må ein nøya seg med ein?))
Ja, det går fint. 'LANG'-variabelen kan berre ha ein kode, men du kan (og *bør*) bruka 'LANGUAGE'-variabelen i tillegg. Desse har følgjande syntaks:
LANG=nn LANGUAGE=nn:no:nb:en