On Thu, 2015-11-12 at 21:47 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
«Slider» er sett om til «glidebrytar» i fellesordlista. Men kva kallar me den knotten som me flyttar på på glidebrytaren? På engelsk heiter dette «slider thumb». Sjå illustrasjon på
http://brennaobrien.com/blog/2014/05/style-input-type-range-in-every- browser.html
Eg er freista til å kalla det «glidebrytarknott», men han kan ha ulike former:
http://www.androidtapp.com/wp-content/uploads/2012/05/Slider-Widget-S lide-to-adjust.png http://qwt.sourceforge.net/sliders.png
Bokmålsomsettinga av KDE brukar «glidebryterknapp».
Forslag? Synspunkt?
treng vi eit eige namn på dette? eg synest det fungerer å seie "ta tak i glydebrytaren". evt. kan vi bruke ordet "spak" når det trengs, for å behalde koplinga til ein miksepult. eg ville unngått å bruke ordet "glidebrytarspak", og heller skrive "spaken til glidebrytaren".