[Knut Yrvin]:
fredag 4. juli 2003, 01:07, skrev Eivind Tagseth:
Dersom konsollet i KDE virkelig er en KDE-version av bash, så er jeg enig
Den kjører bash -- hverken mer eller mindre :-)
prøv "konsole -e mutt"
Konsole skil seg ikkje nemneverdig frå XTerm, dei har berre valt eit uheldig namn, sannsynlegvis pga. den freistande skrivemåten med k.
sit her med feber, og har ikkje orka å lese alle innlegga like nøye, men det verkar som her er ein del mistydingar ute og går.
"console" ("konsoll") er den basale inn-/ut-eininga for kjerna. ein maskin har nøyaktig éin console, på tenarar er dette ofte ein serielinjeterminal. det er denne ein loggar inn på i einbrukar-modus, og det er her feilmeldingar frå kjerna hamnar når ho skriv til skjerm. jf. /dev/console, xconsole, klogd osv.
"terminal" er noko ein hektar på ein maskin for å få eit brukargrensesnitt, tradisjonelt måtte ein hekte på ein terminal per brukar. i dag brukar ein vanlegvis terminalemulatorar i staden. eg synest det er greit å bruke "terminal" også om "terminalemulatorar" i daglegtale.
"shell" ("skal") er samlenamnet på dei interaktive filhandsamande programmeringsspråka i Unix.
"kommandolinjegrensesnitt" eller berre "kommandolinje" kan også brukast i nokon samanhengar. "skriv inn i skalet" eller "skriv på kommandolinja" oppfattar eg som ekvivalente.
når det gjeld utgangspunktet (?), tittelen på Axels dokument, synest eg "i skalet" er OK, sjølv om problemet også omfattar innstillingar i terminalen. eg er likevel svakare for "på kommandolinja": det er like presist (IMO), mindre kryptisk for vanlege folk (?), men dessverre eit noko lenger ord.