Kolbjørn Stuestøl:
Er det råd å samordna språkfilene i KDE og GNOME slik at program som bruker desse kan bruke desse direkte utan å legge inn vilkårssetningar (if-setningar) om at dersom det ikkje finn det eine settet kan prøve det andre?
Eg forstår ikkje kva du skriv, men det skal ikkje vera nokon som helst problem å bruka KDE og GNOME om ein annan. Dei fleste gjer vel det. GNOME brukar miljøvariablane LANG og LANGUAGE, og so lenge desse er sett, skal alle GNOME-program (og alle andre ikkje-KDE-program) dukka opp i rett språkdrakt.
Sjølv brukar eg følgjande i mi «~/.bashrc»-fil:
export LANGUAGE=nn:no:nb:da:en_GB:en@quot export LANG=nn_NO.UTF-8 export LC_ALL=nn_NO.UTF-8
"Problemet ser ut til å være at gimp nytter gnome språkfiler. Om en setter Kubuntu til et språk, i dette tilfelle norsk bokmål, så oppfatter gimp ikke språkfilene under KDE, og Adept finner ikke at det mangler språkfiler for gimp.
Når det gjeld automatisk installering av språkfiler, er det opp til distroane korleis det skal gjerast. For dei fleste program i dei fleste distroar følgjer språkfiler for alle språk med i same pakke som programma. (Unntak er visse «store» program med «store» språkpakkar, som OpenOffice.org, KOffice og Mozilla-samlinga).
(Har førebels ikkje fått set opp Thunderbird slik eg ønskjer, og bruker difor framleis OE, nå set til teiknkode UTF-8. Verkar det OK eller lager Windows framleis krøll?) Helsing
Nei, no ser alt ut til å fungera fint (med unntak av at du ikkje har skikkelig signaturskilje).