Tysdag 25. februar 2003 21:36 skreiv Håvard Korsvoll:
Flott, det var eg som annonserte på linuxguiden i dag.
Veldig bra!
Eg har berre oversikt over nynorskdelen når det gjeld kva som er omsett. Men eg trur det gjeld generelt for både bokmål og nynorsk at det trengs hjelp på dokumentasjonen. Dei viktigaste delane er sikkert kdebase, kdeedu og kdenetwork.
Gaute har vel mest oversikt så han har vel nokre synspunkt på det.
Når det gjeld KDE, sette me opp denne oversikta i oktober. Prioriteringa gjeld både grensesnitt og hjelpetekstar.
Kjempeviktig: desktop_* kdelibs katepart kdebase
Veldig viktig: kdenetwork kdeedu kdeaddons kdegraphics kdemultimedia kdeutils
Lite viktig: kdepim kdegames kdetoys kdesdk kdeartwork kdeadmin
Nesten bortkasta tid: kdeextragear-1 kdenonbeta others
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes