Karl Ove Hufthammer skreiv:
Åsmund Skjæveland:
Eg er samd med deg, «utval» er betre enn «vel». Når det gjeld tekstredigering har eg nok vore heller vinglete i om eg har kalla merka tekst for «utval», «markering» eller «merka tekst»,
Merk at det skal vera «merkt tekst», ikkje «merka tekst». Merka tekst er tekst ein har lagt merke til¹. Merkt tekst er tekst ein har merkja.
¹ Dette gjeld læreboknormalen, som er den me følgje i omsetjingane.
Menynamnet «Select» vil i GIMP bli endra til «Utval(g)» etter samråd med omsetjarane for bokmål og nynorsk. Veit ikkje om dette er noe for Fellesordlista? Kvifor er forresten «markere» oppført som «forbode» (gjennomstreka) i Fellesordlista som omsetjing av «select», medan selection tools skal omsetjast med markeringsverktøy? Helsing Kolbjørn Stuestøl