Eg prøver å omsetja ATK (Accessibility Toolkit), og i den samanhengen treng eg eit norsk ord for "dial". For å sitera ATK-dokumentasjonen, "An object whose purpose is to allow a user to set a value".
Det finst ein GTK-widget som heiter "dial", og som ser ut omlag som ein komfyrbrytar, men definisjonen over er ein del vidare enn å berre gjelda denne.
widgeten "dial" har vorte omsett med «ring», som jo er feil. I den svenske omsetjinga av ATK er det brukt »mätare«, men eg synest ikkje «målar» er ei heilt god omsetjing, sidan dette tydelegvis er til input, og ikkje til avlesing.