Knut Yrvin:
Onsdag 7. november 2007, skrev Karl Ove Hufthammer:
Her kom du med ein veldig lang e-post med historisk informasjon om dansk styre i Noreg, utan eg kan sjå at det har nokon som helst relevans til det eg svarte på.
I din e-post fra kl: 14;18 skriver du "Det må i so fall vera av amatørmessige Word-brukarar" om dansk bruk av tegnet ÷ som minus. Du var etter min mening ufin i din kommentar til spørsmålet fra Keld Jørn Simonsen. Keld er ingen amatørmessig Word-bruker.
Eg har aldri kommentert bruk av teiknet «÷», kommentert dei matematiske teikna på dansk eller aldri kritisert spørsmålet til Keld Jørn Simonsen. Eg kommenterte påstanden din om «-». Hadde eg kommentert «÷», ville eg sjølvsagt skrive svaret mitt etter teksten om «÷» i staden for etter teksten om «-».
Det må i so fall vera av amatørmessige Word-brukarar. Teiknet «-» er ikkje eit minusteikn på norsk; det er «−» (U+2212) som er minusteikn, og det me bør bruka i omsettingane våre.
[...]
For GCompris endte eg opp med «+–·:» for dei fire rekneartane. Grunnen til at eg brukte «–» (U+2013) i staden for «−» (U+2212), var at eg ikkje var sikker på om «−» alltid var tilgjengelig
Du skrev også at GCompris muligens har endret skrifter. Dette impliserer at man kan bruke riktig koding av minustegn ved å velge mer passende skrifttype.
Grunnen til at GCompris endra skrift var visstnok at dei gjekk over til eit nytt skriftoppteikningsbibliotek, som automatisk valde ei anna skrift enn den som vart brukt før.
Etterhvert har flere blitt bedre kjent med hovedutvikler av GCompris. Det har vært flere møter med GCompris i regi av KDE-edu. På den måten er det enklere å påvirke, og be GCompris-prosjektet velge skrifttyper med tegnene som passer oss.
Eg kan godt testa om ekte minusteikn fungerer fint i GCompris no, og ev. ta skriftspørsmålet opp på e-postlista. (Uansett ser kort tankestrek og minus sopass like ut i den samanhengen dei opptrer at det er uproblematisk å bruka tankestreken som substitutt.)