Takk for ytringane.
Den 16.01.2019 15:46, skreiv Kjetil Torgrim Homme:
on. den 16. 01. 2019 klokka 15.42 (+0100) skreiv Thomas Gramstad:
Jeg mener at "ikon" og "ikonliste" er det umiddelbart forståelige og derfor riktige. De andre forslagene sier meg ingenting.
Hva er det du har imot "ikon"?
Eg har ingenting i mot "ikon". Ut frå tidlegare omsetjingar av LibreOffice ser eg at ordet "icon" ofte er omsett med "symbol", difor forslaget. (I omsetjingane prøver eg å vere konsekvent i språkføringa. Ikkje alltid like enkelt når originalane er på over 2 millionar ord).
i min "notebook bar" (Libreoffice 5.4.7.2) er det ikkje så mange "ikon" å sjå. eg synest som sagt at det er heilt feil å fokusere på utsjånad og ikkje funksjon. ei "ikonliste" bør vere ei liste over ikon ein kan velje, ikkje ei liste over verktøy.
Dette ordet er ikke bare kjent for de fleste, men til og med forståelig for dem som evt ikke har sett det på norsk, siden det ligger så nær opptil originalen.
originalen? "notebook bar"?
Ja, dvs. begge delar er brukte i originalteksten. Då eg skreiv innlegget hadde eg tilfeldigvis oppe ein tekst der "notebar" var brukt. Tenkte ikkje på "notebook bar" i eitt eller to ord. Dette må eg sjå nøyare på.
Teksten eg arbeider med nå er LibreOffice master - Help. Adresse: https://translations.documentfoundation.org/nn/ Helsing Kolbjørn
On Tue, 15 Jan 2019, Kolbjørn Stuestøl wrote:
Eg ser at "notebar" i LibreOffice er omsett til notisblokk, notisbok, notatblokk og liknande på bokmål, nynorsk, dansk og svensk. Dette er nokså misvisande, men forståeleg «feil» ut frå opphavsordet. "Notebar" er ei menyliste eller verktøyliste der ulike funksjonar og kommandoar er samla i grupper øvst på skjermen, stort sett med ulike symbol (ikon) i staden for tekst for dei ulike handlingane. På tysk har dei i dei fleste tilfella brukt «Symbolliste». Etter mi meining eit betre ord. (Sidan eg helst bruker «symbol» i staden for «ikon» i slike samanhengar, ser eg bort frå «ikonliste»). Sidan dette er komprimerte verktøylinjer, kunne også «kompaktliste», «gruppeliste» eller liknande kanskje også vore brukbare løysingar. I skrivande stund meiner eg «symbolliste», «symbollinje» eller «symbolband» er mest intuitive og dekkande, men er nokså usikker. Eg trur det er det same som Microsoft kallar "ribbon", som dei har omsett med «band» og med denne forklaringa: "The part of the Microsoft Office user interface above the main work area that presents commands and options to the user. The Ribbon replaced menus and toolbars starting in the 2007 Microsoft Office system."
Nokre meiningar?
Helsing Kolbjørn
Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast https://www.avast.com/antivirus
E-postlista i18n-no i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no