Den 27.03.2015 23:08, Karl Ove Hufthammer skreiv:
On 27. mars 2015 21:07, Kolbjørn Stuestøl wrote:
Sigmund Hansen seier i innlegget sitt at "aggregering" er i bruk i IT-miljøet mellom anna ved UiO for å lage statistikk. Ordet er altså i bruk, om ikkje innan faget statistikk. Likevel eit lite pluss for AGGREGER().
Ordet er absolutt i bruk innan statistikk! Eller i databehandling generelt. Det er eit nivå «oppanfor» rådata. Tenk det at du samlar inn data om/frå nokre personar. Du samlar for eksempel inn informasjon om kjønn, alder, bustad og yrke. I staden for å visa rådata / data på individnivå, vel du vanlegvis å visa data på gruppenivå / samandragsdata / aggregerte data.
Så i staden for å visa alderen til kvar enkeltperson, viser du eit samandrag, typisk gjennomsnittsalderen eller medianalderen. Ofte gjer ein dette fordelt på gruppe (eks. gjennomsnittsalder for kvart kjønn, eller fordelt på kjønn og yrke). I typisk «aggregeringsfunksjonalitet» i eit dataprogram vil det vanlegvis vera støtte for å rekna ut eit samandrag for kvar «gruppe» (verdiar av éin eller fleire variablar/kolonnar). I rekneark gjer ein dette gjennom pivotfunksjonalitet. Men AGGREGATE() derimot gjer *ikkje* det ein (kanskje) ville forventa ut frå namnet (det må ein bruka pivotering til); det er berre ein rar måte å kalla andre samandragsfunksjonar (men med ikkje-standard handtering av spesialceller).
Håpar dette var noko oppklarande. :)
Ja, så absolutt. Takker. God forklaring. Forståeleg sjølv for meg. :-) Helsing Kolbjørn