Laurdag 29. desember 2007 skreiv Åsmund Skjæveland:
I GNOME er regelen at det heiter "directory" bortsett frå når ein snakkar om noko som vert grafisk framstilt som ei mappe, då heiter det "folder". Dvs. at det vert noko slikt: "the file is in your home directory" og "double-click the Music folder".
Det hørest ut som ein veldig merkelig og forvirrande regel, ikkje minst for brukarane.
Har me same regel her, at alt skal setjast om til «mappe»?
Ja, fellesordlista gjeld både KDE og GNOME (og annan fri programvare). Sjå for øvrig gamle diskusjonar i listearkivet. Å alltid bruka «mappe» er ein grei regel, som òg er lett å praktisera.