JI Eriksen skreiv 21.04.2023 08:16:
Forsøkte å søke opp andre oversettelser, uten hell. Endte opp med å sjekke ChatGPT, som henviste til stillingsutlysninger der "baksystem" ble brukt som oversettelse av backend. Denne oversettelsen har jeg mye mer sansen for, og min bror var enig. Endret dermed alle "motor" og "bakgrunnsmotor" til "baksystem" i oversettelsene min e i Discover og System Settings.
TL;DR: "baksystem" er en bedre oversettelse, synes jeg. Og da er kanskje "frontsystem" et alternativ til "frontend".
Dette kan vera heilt greie ord, men merk at det er snakk om heilt forskjellige konsept. Når ein snakkar om frontend-utviklarar og backend-utviklarar, er ikkje dette noko som er direkte relevant for for eksempel omsetjingar i KDE-programma.
Kort forklart programmerer ein frontend-utviklar det brukar ser og interagerer med. Er du frontend-utviklar for ein app som Vipps eller ei nettside som vy.no, programmerer du det som me brukarar forheld oss til, med knappar, menyar, interaktivitet og sånt. (Ein frontent-utviklar kan òg *designa* desse elementa, men for slike store selskap reknar eg med det er eigne designerar for dette, som ikkje nødvendigvis kan programmering.) Er du backend-utviklar, lagar du alt som skjer bak kulissene, dvs. kva som skjer *når* person trykker på dei ulike knappane. Eit slikt skilje teknisk mellom frontend og backend er av blant anna tekniske grunnar veldig lurt. Ein kan endra brukargrensesnittet fullstendig utan å (måtta) røra kva som skjer bak kulissene. Eller ein kan endra heilt kva som skjer bak kulissene, til ei betre eller raskare eller meir stabil eller meir skalerbar løysing, utan at brukaren treng å merka at noko er endra i det heile tatt, sidan brukarflata ser ut og fungerer heilt som før.
Men noko slik bruk orda «frontend» og «backend» trur eg ikkje førekjem i nokon av brukartekstane i KDE-programma, så kva me omset «frontend» og «backend» til i *den* samanhengen, er i utgangspunktet ikkje relevant.
I KDE-programma finn ein for eksempel tekstar som:
No backend like hunspell/aspell/myspell installed
Her er «backend» eit program eller bibliotek for stavekontroll. På nynorsk har eg omsett det til:
Ingen stavekontroll, som Hunspell/Aspell/MySpell, er installert
Kanskje ikkje så elegant formulert, men iallfall lett å forstå (meir enn den engelske originalteksten, vil eg påstå). Ingen grunn til å forvirra brukaren med info om at det manglar bakstykke, baksystem eller liknande.
I mange tekstar er det tekniske ordet «backend» brukt unødvendig, og det kan vera forvirrande og framandgjerande for brukaren. Viss «Choose database backend» for eksempel referer til eit val mellom MySQL, PostgreSQL og SQLite, kan ein godt kalla det berre «Vel type database» eller «Vel databasesystem» på norsk.