On 6 Nov 01, at 15:21, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kva skal med omsetja 'tab' til? Det er ikkje snakk om tabulatorar, men heller desse flikane som deler ein dialogboks (eller eit program med MDI-grensensnitt) inn i fleire «sider». Desse finst og ikkje-elektronisk format, på skiljeark i permar og arkivskap.
Eg trur danskane snakkar om 'faneblade', og eg har sett 'arkfane' på norsk. Microsoft brukar 'kategori', men dette passar ikkje alle plassar. Førebels har eg brukt 'arkfane'.
"Fane" eller "arkfane" reknar eg som det vanlege ordet på norsk. Blir t.d. brukt av Microsoft i Excel.
Jon Grepstad