Den 2022-05-23 19:01 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Har nokon meining om kva me kan kalla ein «loop device» på norsk? Det vert brukt i samanheng med montering av filer som om dei var fysiske diskar (med eit filsystem). Sjå https://en.wikipedia.org/wiki/Loop_device for nærare forklaring. Eit eksempel (på slike filer) er ISO-bilete (https://no.wikipedia.org/wiki/ISO-bilde), som er filer som inneheld ein kopi av innhaldet på ein CD-rom.
Etter det eg forstår, er ein «loop device» *ikkje* sjølve fila på filsystemet. Det er ei «eining» som vera knytt til ei slik fil.
Eksempel på tekstar eg skal setja om, er «Manage loop devices» og «Authentication is required to set up a loop device».
Meiningar eller forslag til kva me skal kalla dette på norsk (eller kva det *vert* kalla)? Det er jo eit ganske tekniske omgrep, så til nød kan eg bruka «loop-eining». Men eg hadde føretrekt noko meir norsk.
Kva med «diskbilete», «diskbileteeining» eller «virtuell disk»?
Dømesetningane dine kunne dermed gå noko slik som dette:
* Handsam diskbilete * Handsam diskbileteeiningar * Handsam virtuelle diskar
* Godkjenning naudsynt ved oppsett av diskbilete * Godkjenning naudsynt ved oppsett av diskbileteeining * Godkjenning naudsynt ved oppsett av virtuelle diskar
Wikipedia-artikkelen du viser til, har tre synonym: «loop device, vnd (vnode disk), or lofi (loop file interface)».
På grunn av «lofi», ville eg fyrst kasta fram ordet «diskbiletegrensesnitt» - som på ein måte kan vera rett (fordi det er lasting/montering/oppsett av dette grensesnittet som gjer at datamaskinen får tak i innhaldet, som om det var ein ekte disk). Men dette ordet/uttrykket vert kanskje litt langt og overkorrekt.
Synonymet «vnd/vnode disk», derimot, opnar etter mitt syn opp for å berre kalla det eit «diskbilete». Dersom med held «loop device» og «vnd» opp i mot kvarandre, så kan me også konstruera «diskbileteeining».
Eitt problem med å nytta «loop» er at det etter mitt syn berre vert eit nytt, engelsk ord for «diskbilete». Ikkje er «loop-eining» lett å forstå heller.
På norsk er kanskje «virtuell (hard)disk» lettast å forstå, for flest mogeleg.