Tysdag 22. januar 2008 skreiv Bjørn Kvisli:
Jeg finner ikke lenger noen filer i svn under skolelinux/trunk/i18n/kde4-stable/nb/messages/extragear-graphics.
Hvor er det blitt av dem?
Desse filene er ikkje ein del av KDE 4.0.x (stable), og dei er derfor fjerna. Men fortvil ikkje: det er nok av andre program å omsetta.
Når me går over til å omsetta KDE 4.1, vil det igjen vera mulig å arbeida på desse filene. (Merk at det er ingen vits i å prøva å gjera endringar i kde4-trunk. Desse vil bli overskrivne når me går over til KDE 4.1-arbeidet.)