Den 25.03.2015 21:55, Kjetil Kilhavn skreiv:
Onsdag 25. mars 2015 19.22.17 skrev Karl Ove Hufthammer:
On 25. mars 2015 00:23, Kjetil Kilhavn wrote:
Men eg står på mitt forslag, og synest SAMANDRAG passar bra. MENGD(E) er *ikkje* eit godt namn på funksjonen, sjølv om norsk Excel har brukt det.
Aggregering er et etablert uttrykk innen statistikken. Jeg synes det bør veie tungt i vurderingen her som i andre sammenhenger der vi prøver å ikke forvirre brukerne ved å introdusere nye begreper om vi ikke må.
Trur eg eg kan uttala meg med litt tyngd her, sidan eg har ein ph.d.-grad i statistikk. :) Aggregering er eit omgrep som ikkje so mange «vanlege» folk forstår. Eg pleier å forklara at det tyder å «ta eit samandrag» av data, eller å visa data «på gruppenivå», og då forstår dei. So eg meiner framleis SAMANDRAG er eit godt namn på funksjonen. Ordet AGGREGER tilfører ikkje noko presisjonsnivå, og er vanskelegare å forstå.
Skal ikke påstå at det er irrelevant med doktorgrad :-) Hvis du mener "vanlige folk" får korrekt oppfatning av hva funksjonen gjør dersom vi kaller den SAMANDRAG så synes jeg det er et godt argument. Hvis det derimot er hipp som happ for vanlige folk, mens en som kan statistikk er kjent med begrepet AGGREGAT, er det ikke da bedre å bruke AGGREGAT?
LibreOffice har også en funksjon for å transponere matriser. Med mindre man har lært (og husker noe) om matrisemetoder vil jeg tro TRANSPONER er et ord som ikke gir noen umiddelbar mening. Vi oversetter imidlertid ikke TRANSPOSE med hverken BYTT.OM eller VEND.DIAGONALT av den grunn - vi bruker det begrepet som allerede er etablert på norsk selv om det er et faguttrykk.
Det blir siste innlegg i debatten for min del - så overlater jeg beslutningen til dere (andre) stemmeberettigede :-)
Håper ikkje du kuttar ut her, Kjetil. Førebels(?) har det ikkje vore så mange «stemmeberettigede» innom forumet :-).
Finn du fleire unøyaktige eller feil omsetjingar, håper eg du seier i frå. Vi vil jo helst gjere Calc så korrekt som råd er. Som sagt tidlegare, reknar eg med at det stort sett er fagfolk innan dei ulike faga som bruker dei meir spesielle delene av Calc. Difor er innspel frå fagmiljøet viktige. Om funksjonsnamna er forståelege eller ikkje for folk utanom det aktuelle fagmiljøet som du er inne på, er også etter mitt syn mindre viktig. Dei må truleg likevel lære eit nytt omgrep, og kan like gjerne lære det «korrekte».
Kunnskapane mine innan statistikk går ikkje så svært langt utover det å finne gjennomsnitt og median, så eg er takksam for alle som hjelper til.
Men spørsmålet her er vel om AGGREGAT() er eit innarbeidd ord i fagmiljøet i denne samanhengen. Vil ei statistikar utan vidare forstå kva AGGREGAT() gjer, eventuelt med litt foklaring om kva ARG1 og Arg2 *må* og kva dei vidare argumenta *kan* innehalde? Er svaret ja, vil eg stemme på AGGREGAT(). Er svaret nei, kan vel SAMANDRAG() vere eit godt forslag ut frå argumenta til Karl Ove.
Eg har lagt ut ei (førebels) liste over funksjonane i AGGREGATE() på http://www.stuestoel.no/office/calc/aggregate.php. På same nettstaden er det også eit oversyn over alle funksjonane i Calc på engelsk, nynorsk og bokmål. (Menyvalet «Funksjonar»). Der er namn som er ulike på bokmål og nynorsk utheva. Desse bør vel også diskuterast?
Helsing Kolbjørn