Kjetil Torgrim Homme kjetilho@linpro.no wrote in news:1ru1rc3iw2.fsf@false.linpro.no:
I MIME-samanheng er encoding ein syntaktisk transformasjon som er uavhengig av teiknsettet som er i bruk.
Ja, det er dette me gjerne kallar overføringskoding på norsk.
Akkurat dette har me diskutert i minst *ei* æva på to av @nynorsk.org-listene. Sjå i arkivet der viss du er interessert.
charset vil eg seie spesifiserer teiknsettet. Kva meiner du?
Nei, 'charset' (som rett nok dessverre av historiske grunnar er ei forkorting av 'character set') spesifiserer *ikkje* teiknsettet, men teiknkodinga. Les dei sidene eg oppgav lenkjer til, og eg er nesten sikker på at du vil meina det same. Viss ikkje tar me diskusjonen vidare på teknisk@nynorsk.org-lista.
Kort omsetjingsgaid:
charset = Character Encoding Scheme = Character Encoding = Charcter Coding = teiknkoding/tegnkoding
Character Set = Coded Character Set = teiknsett/tegnsett
Character Repertoire = Teiknrepertoar