Måndag 27. juni 2005 16:12 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Lars Ivar Igesund wrote:
Eg har omsett Yzis (www.yzis.org) til nynorsk og putta nn.po i svn der. Eg har og lagt den ved her, i tilfelle nokon skulle ynskje å kritisere/dobbelsjekke.
Nokre umiddelbare ting eg ser:
font --> skrift opasitet --> gjennomsikt? (sjølv om det eigentlig er det motsette?)
Likar heller ikkje opasitet, kanskje det går an å bruke mattheit, mattleik eller matting? :)
Elles har eg brukt gjennomskin istaden for gjennomsikt. Tykkjer det høyrest mest nynorsk ut :)
Kan du legga inn fila i Skulelinux-CVS-lageret òg?
Trur ikkje eg har tilgang der. Kan heller sende .po-fila på nytt når eg har gjort endringane.
Ser òg at no-lista har fått ein kopi av eposten min; Erlend Hamberg har omsett Yzis (forrige release) til bokmål.
Mvh, Lars Ivar