Kolbjørn Stuestøl skreiv 20.01.2019 20:31:
Når eg set om har eg oppe bokmål, dansk, svensk og tysk i tillegg til nynorsk. Lista blir då:
[…]
Sjølv har eg ikkje studert forslaga, får sjå ein dag til veka. Men køyr debatt.
Og viss ein lurer på korleis funksjonane faktisk *ser ut* i brukarflata, kan ein ta ein kikk på https://libreofficehelp.com/change-libreoffice-default-look-and-feel/ under overskrifta «User Interface».
(Poenget med «Contextual»-variantane er at dei er dynamiske; dei viser relevante funksjonar ut frå *kva du arbeider med* (i tillegg til nokre standardverktøy). Redigerer du for eksempel ein tabell, får du opp ikon/verktøy for tabellfunksjonar. Redigerer du ein figur, får du opp ikon/verktøy for teikning.)