On 14 Aug 01, at 20:02, Karl Ove Hufthammer wrote:
må 13 aug 2001 15:24:16, "Jon Grepstad" GREPSTAD@sprakrad.no:
Kløyvd infinitiv ligg utanfor læreboknormalen.
Finst det ei oversikt over kva som ligg innanfor og utanfor læreboknormalen tilgjengeleg? (Eg tenkjer ikkje her på klammeformer.)
Eg har vore borte frå kontoret ei stund og svarar seint. Eg kjem i farten ikkje på noka liste, men det står t.d. forklart i innleiinga til Helleviks ordliste. Liknande forklaringar finst nok i andre ordlister også. Når ein ser bort frå klammeformer, så er det vel berre kløyvd infinitiv og forenkla samsvarbøying som fell utanom læreboknormalen.
Jon Grepstad