On fre, 2004-10-08 at 17:18 +0200, Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
«Skriveprogram» er så godt som ledig som faguttrykk, og difor kan me som Karl Ove seier definera tydinga sjølve. Ordet er ikkje meir uklart enn «text editor». (Bortsett frå at «text editor» er etablert.)
Dersom det finst eit krystallklårt, sjølvforklarande ord for «text editor», så er jo det fint, men å kalla det «rein/enkel tekstbehandlar» gjer berre vondt verre, synest eg.
for det vesle det er verdt: eg er einig i dette.
likevel synest eg godt vi kan bruke energi på å finne eit enno betre ord.
det "opplagte" alternativet er å bruke "redigere" for "edit", altså "tekstredigerar", men det har kanskje litt mange stavingar i seg. eg skal tenkje meir på dette i helga :-)