Måndag 18. februar 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Det er ikke snakk om grafteori, men et annet felt med en annen terminologi.
eg snakkar om 3D-grafikk eg også. sideflater har ingenting med grafteori å gjere.
Eg òg har snakka om 3D-grafikk, men eg forstår ikkje kva den vesentlige forskjellen mellom 3D-grafikk og vanlig geometri skulle vera. Einaste forskjellen er jo at ein i 3D-grafikk har endelig mange punkt (grunna manglande matematisk presisjon i representering av koordinatar), mens ein i matematisk geometri har uendelig.
Elles likar eg ikkje «punkt» i denne samanhengen. Ordet er fint å bruka for å definera, vel, punkt, i 3D-rommet. Ein kan snakka om «det punktet der», utan at det er definert nokon «vertex» der.
For øvrig har me ordet «verteks» på nynorsk, utan eg synest det er nødvendig å bruka det her.