Tysdag 16. mars 2004 19:01 skreiv Håvard Korsvoll:
Eg ser ikkje denne feilen. Eg brukar debian sid med kde 3.2.1. Eg greppa gjennom skolelinux-cvs'en og kunne ikkje finne korkje «fonts:/Personleg» eller «fonts:/Personal» i nokon fil.
Eg har òg Debian Sid med KDE 3.2.1 (og nynorsk språkpakke frå experimental, versjon 4:3.2.0-0pre1v1). Her står det «Location: fonts:/Personleg». Viss eg klikkar på URL-en, kjem Konqueror opp og klagar:
«Ein feil oppstod ved lasting av fonts:/Personleg: Please specify "Personal" or "System".»
Feilen på mitt system *kan* koma av at ny KDE er blanda med ein gammal språkpakke, men eg veit ikkje korleis dette er tenkt å fungera. Ikkje finn eg ut kvar «Personleg» i URL-en kjem frå, heller.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes