-----BEGIN PGP SIGNED MESSAGE----- Hash: SHA1
Tysdag 16. mars 2004 18:23 skreiv Åsmund Skjæveland:
Skrifttypeinstalleraren i kontrollpanelet KDE 3.2 har ein modus for å installera sine eigne skrifter utan å vera root. Denne freistar å opna «fonts:/Personleg» i nynorsk lokale. Men det fungerer ikkje. Det gjer derimot «fonts:/Personal». Eg veit ikkje nett kva fil dette ligg i. Eg får problemet i kcontrol kompilert med konstruct. Eg har også ein del anna kluss med skrifttypane, men dette ser ikkje ut til å vera localespesifikt. Nokon andre som ser denne feilen?
Hei
Eg ser ikkje denne feilen. Eg brukar debian sid med kde 3.2.1. Eg greppa gjennom skolelinux-cvs'en og kunne ikkje finne korkje «fonts:/Personleg» eller «fonts:/Personal» i nokon fil.
I Skriftinstalleringsdialogen i kontrollsenteret står det «Location: fonts:/Personal/». Dvs at denne tekststrengen ikkje er lokalisert i det heile hos meg.
Men det kan godt vere at eg har vore borti ein slik streng. Han er i so fall truleg fjerna frå malfilene før 3.2.1
Helsing Håvard