Kolbjørn Stuestøl skreiv 29.05.2020 21:47:
Difor kjem eg truleg tilbake med fleire spørsmål, men kan byrje med dette: "OPT_TOUCH": "Returns the pricing of a touch / no-touch option, calculated using the Black-Scholes option pricing model."
Eg fann ei fyldig forklaring på touch i finansiell samanheng på https://www.investopedia.com/terms/o/onetouchoption.asp, men kva heiter dette på norsk? Eller er bruksområdet så lite at det ikkje treng omsetjing?
Det er jo mykje engelsk ute og går i finansverda, og det ser ut til at òg dette vert brukt uomsett på norsk:
https://danskebank.no/PDF/Business/MiFid/02valutaopsjonsforretninger.pdf
Forresten bør Black–Scholes skrivast slik på norsk, altså med tankestrek, ikkje bindestrek (sidan det er oppkalla etter to personar, Black og Scholes).