Hei alle som er interessert i det norske ordlistearbeidet.
Eg har jobba litt i det siste med å få opp eit system som kan vedlikehalde dei norske ordlistene. Det eg har sett på er systemet til Jacob Sparre Andersen, speling.org [1]. Eg har installert det på mi maskin og har begynt å få forståelse for korleis det fungerer.
Det som kan gjerast med dette systemet er at vi importerar alle orda i dei ordlistene vi har, så kan folk melde seg på som korrekturlesar av ordlista. Dei vil då få tilsent eit visst tal ord på e-post som dei så godkjenner eller forkastar. Ein kan også tilføre meir metainformasjon for kvart ord slik at det er mogeleg å bygge meir intelligente ordlister. Denne e-posten returnerer ein så og systemet vil automatisk importere dei korrekturleste orda. Ein kan også sende e-post til den same adressa for å tilføre nye ord.
Problemstillinga for meg no er kor vi skal ha denne databasen. Vi har spell-norwegian på alioth, men om vi kan få installert speling.org på alioth, det veit eg ikkje. Vi kan bruke developer.skoleinux.no. Der må vi få nokon med root-tilgang til å installere speling.org og så opprette rammeverket for bokmål og nynorsk (to enkle kommandoar). Det tredje alternativet er å bruke maskina til SSLUG[2] der dei danske og færøyiske ordlistedatabasane ligg. Der er oppsettet allereie klart. Eg vil trenge ein konto på maskina så eg har mulighet til å administrere systemet.
Eg synes det siste alternativet vil vere det beste. Då er det opp til Jacob Sparre Andersen om vi får lov til å ha våre ordlistedatabasar på deira maskin.
Helsing Håvard