On Sat, 2009-01-17 at 20:09 +0100, Åsmund Skjæveland wrote:
GTK+ inneheld nokre tastenamn eg ikkje veit kva eg skal gjera med. Nokon framlegg?
- Begin
- Print (Sidan PrintScreen ikkje står i lista trur eg det er den som er
meint)
- Prior
- Next
eg veit ikkje korleis det er med deg, men mine tastatur har engelsk tekst sjølv om dei norske bokstavane er med. "Ktrl" og "Skift" kan eg berre minnast å ha sett på Tiki- og Norsk Data-maskiner. du kan finne "Prior" og "Next" på DEC VT-terminalar, til dømes. i praksis er
Prior == PageUp Next == PageDown Begin == Home End == End
Print veit eg ikkje.
I tillegg er det ein del tastar som står både som “Foo” og “KP_Foo”, som så vidt eg skjønar refererer til det numeriske tastaturet. Eg har latt prefikset «KP_» stå i omsetjinga. Er det nokon betre måte å gjera det på?
KP_Foo er keysym-namnet. det er truleg at Foo også er eit slikt keysym-namn. det gjev ikkje meining å omsetje slikt, det er konstantar.