On Tue, 2004-01-06 at 23:49, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kjetil Torgrim Homme kjetilho@ifi.uio.no skreiv i innlegget news:1073076173.25517.63.camel@zeppo.njus.no:
Da burde "lagringsenhet" duge, da ... :-)
nei, det vert for konkret. eit volum er den logiske samlinga med diskplass som inneheld eit filsystem eller andre data.
Og er ikkje «lagringseining» perfekt til då? Det er ingenting med ordet som seier at eininga må vera fysisk, og ikkje logisk.
kanskje, bortsett frå du slett ikkje alltid vil ha lov til å LAGRE på eit volum ... (eg tenkjer spesielt på nettverksvolum, men også CD-volum.)