2010/7/6 Ole Andreas Utstumo tykjepelken@gmail.com:
Heisann,
Eg ser at det er ein del spørsmål om kva omsetting engelske, programtekniske ord får på norsk, til døme "sink" som sist var oppe. Har nokon laga ei liste for alle desse orda de har vorte samde i gjennom desse diskusjonane, forutan fellesordlista for dataord? Ei database med omsettingane mellom nynorsk, bokmål og engelsk kunne ha hjelpt dei som ikkje har følgd med i epostlistene - meg blant anna. Det skulle ha vore mogleg å snikre saman eit slikt søk i mySQL og PHP, om ikkje det finst frå før?
Beste helsing Ole Andreas Utstumo
Eg trur meininga er at Fellesordlista skal få ord som blir diskutert fram her (eller?) http://random.zerodogg.org/slx-dict gir iallfall oppslag i Fellesordlista frå kommandolinja. Det hadde vel vore best å hatt Fellesordlista som TMX då, men har ikkje høyrt om at det finst.
mvh, Kevin B. Unhammer