Det blir kanskje feil å kalle det verktøylinje siden det ordet brukes om den mer tradisjonelt utformede verktøylinjen, men samtidig er det vel ikke noe begrep som mer presist beskriver hva det er. Forskjellen fra vanlige verktøylinjer er jo i hovedsak hvordan de organiseres og presenteres - begge gir tilgang til den samme funksjonaliteten. Kanskje "Verktøylinje (gangnam style)"? :-) Verktøybånd/-band?
Jeg synes begrepet 'symbol' blir feil i denne sammenheng, av samme grunn som begrepet 'ikon'.
Den 15.01.2019 23:43, skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Eg ser at "notebar" i LibreOffice er omsett til notisblokk, notisbok, notatblokk og liknande på bokmål, nynorsk, dansk og svensk. Dette er nokså misvisande, men forståeleg «feil» ut frå opphavsordet. "Notebar" er ei menyliste eller verktøyliste der ulike funksjonar og kommandoar er samla i grupper øvst på skjermen, stort sett med ulike symbol (ikon) i staden for tekst for dei ulike handlingane. På tysk har dei i dei fleste tilfella brukt «Symbolliste». Etter mi meining eit betre ord. (Sidan eg helst bruker «symbol» i staden for «ikon» i slike samanhengar, ser eg bort frå «ikonliste»). Sidan dette er komprimerte verktøylinjer, kunne også «kompaktliste», «gruppeliste» eller liknande kanskje også vore brukbare løysingar. I skrivande stund meiner eg «symbolliste», «symbollinje» eller «symbolband» er mest intuitive og dekkande, men er nokså usikker. Eg trur det er det same som Microsoft kallar "ribbon", som dei har omsett med «band» og med denne forklaringa: "The part of the Microsoft Office user interface above the main work area that presents commands and options to the user. The Ribbon replaced menus and toolbars starting in the 2007 Microsoft Office system."
Nokre meiningar?
Helsing Kolbjørn
https://www.avast.com/sig-email?utm_medium=email&utm_source=link&utm_campaign=sig-email&utm_content=emailclient Virusfri. www.avast.com https://www.avast.com/sig-email?utm_medium=email&utm_source=link&utm_campaign=sig-email&utm_content=emailclient
<#DAB4FAD8-2DD7-40BB-A1B8-4E2AA1F9FDF2>
E-postlista i18n-no i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no