su. den 05. 08. 2012 klokka 12.56 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Fleirtalsformer hankjønn og hokjønn: Endelig har det blitt lov å vera konsekvent her. Eg foreslår at me har regelen -ar for hankjønnsord og -er for hokjønnsord. Denne regelen er veldig lett å hugsa, og ein slepp å pugga unntak (norrøne former). Før måtte me altså bøya «ein vegg» som «vegger» og «veggene» og «ei elv» som «elvar» og «elvane». No vert det «veggar» og «elver». (Strengt tatt kunne ein skriva «elver» før òg, men det var då eit hankjønnsord (!) som betydde «alv» (det overnaturlige vesenet), ikkje ein vasstraum.)
-nad-ord: Før hadde -nad-ord -er-endingar, eks. «søknader». Eg foreslår at me er konsekvent her òg, og brukar -ar-ending. Éin mindre unntaksregel å tenka på!
Eg har no lagt til reglar for dette i Pology, basert på dei nyaste fullformsordlistene. For hankjønnsord der både -er/-ene og -ar/-ane er lovleg, vert -er-/-ene-formene flagga, og motsett for hokjønnsord. Prøv det ut, og sjå om det fungerer greitt.
Innsendinga som la til funksjonen og dei to ordlistefilene finn de her: http://websvn.kde.org/?view=revision&revision=1312707