Petter Reinholdtsen via l10n-no skreiv 04.10.2026 17:10:
[Karl Ove Hufthammer]
Det er inga teknisk sperre frå mi side, iallfall; det er berre ei vanleg nettside.
Dette er ikke veldig vanlig, får "The connection has timed out". Tror du har noe seriøst ødelagt på nettstedet.
Vel det er lite som *kan* vera øydelagt. Det er ingen skript, ingen PHP, berre ei heilt enkel HTML-fil (til og med utan ekstern CSS) som køyrer på ein heilt vanleg Apache-tenar.
Og ifølgje https://semonto.com/tools/website-reachability-check?test=a5d38279-89f8-4f36... er nettsida tilgjengeleg utan problem frå ulike delar av verda, frå Bangalore i India til San Francisco i USA. (Eg testa òg nokre andre liknande tenester, med større dekning, med same resultat.)
Eg vurderer å flytta sida til ein ny leverandør (vekk frå USA), så det kan vera ho vert utilgjengeleg ei kort stund *framover*, men akkurat no skal det altså ikkje vera nokon problem.