Karl Ove Hufthammer skreiv 17. jan. 2016 15:12:
Planen framover er å setta om «kdegraphics» ferdig. Her finn me program som Okular, Gwenview og Kolourpaint. Og ikkje minst Spectacle, som er det splitter nye KDE-programmet for å ta bilete av skjermen (arvtakaren til KSnapshot).
Og no er «kdegraphics» også ferdig. Neste prosjekt er å omsetta modulen «kdeedu». Som namnet tilseier, er dette ulike læringsverktøy. Nokon er av typen «leik-og-lær», og andre er meir vanlege nytteprogram, for eksempel for plotting av matematiske funksjonar.
Her er det totalt 26 936 tekstar, der om lag 66 % er omsett frå før. Planen er å omsetta alle programma utanom KStars. Samtidig vil eg nok veksla litt mellom å omsetta på «kdeedu» og på programmet digiKam, som me finna i modulen «extragear-graphics», og som også vil vera kjekt å ha på nynorsk.