I eit forsøk på å "standardisere" funksjonsnamna i LibreOffice Calc har eg laga ei samanlikningsliste mellom funksjonsnamna på bokmål, nynorsk og namna i Excel (bare bokmål). Lista er å finne på http://www.stuestoel.no/temp/funksjonsnamna.ods og http://www.stuestoel.no/temp/funksjonsnamna.html
Eg har også set opp noen forslag, men dei er mest meint som utgangspunkt for ein diskusjon om emnet. Der skil eg ikkje mellom namn i bruk og namn som er uklåre (fuzzy) i po-filene. Håper noen har meiningar om dette.
Håpet mit er at namna skal vere logiske og nokolunde greie å bruke. Samstundes bør det vere eit eller anna system i dette. Sjølvsagt bør dei også vere korrekte i høve til fagtermane. Difor føreslår eg t.d "EKSKLUSIVELLER" for "XOR". Ein del ord er ikkje omsette i Excel. Truleg fordi dei fleste av desse er i bruk i 2013-utgåva og ikkje omsette førebels?
For å spare ein del tastetrykk, kunne eg gjerne ha omsett "if" med "viss" i staden for "dersom" på nynorsk, men det er vel å gå for langt? Altså mange omsyn å ta.
Slik eg ser det, er det viktigaste å få alle funksjonsnamna på plass snarast, så får heller omsetjingane av forklaringane vente litt. Litt tungvindt for brukarane å skifte desse kommandonamna seinare. LibreOffice 4.0 skal sleppast i februar, så tida er knapp.
Eg er imponert over dei som har gjort grovarbeidet her tidlegare. Mykje bra arbeid. Kan vi greie å fullføre dette?
Kolbjørn Stuestøl