Svenn Inge Inge brigtsen kirjoitti 12. mar. 2006 kello 22.50:
Vi bøyer verbene averbo i formene; infinitiv, presens, preteritum, og perfektum:Å tenke, tenker, tenkte, har tenkt.Ordet ”tenkende” er er presens partisipp. Mens ordet ”tenkt” er perfektum partisipp.Setter man ordet ”tenkt” (perfektum partisipp) sammen med ordet ”har” (presens) får man perfektum.Formen ”tenkende” er verbets adjektiviske form. Men skal man da lage to bolker med ordene som har endelsen –ende??? Både som verb, og som adjektiv? Eg tykkjer me skal fylgja NRG og rekna -ende/-ande som eit avleiingssuffiks, dvs. at "skrivande" er eit adjektiv avleitt av verbet "skriva" på same vis som "skriving" er eit substantiv avleitt med avleiingssuffikset -ing.
Først til det med perfektum, osb. Ein modulær modell av norsk verbmorfologi, som følgjer NRG, finn de her:
http://nn.wikipedia.org/wiki/Norsk_spr%C3%A5k#Verb
Så til Eriks svar: Det er rett at NRG vel å sjå presens partisipp (burde ha vore : "imperfektum partisipp") som ei avleiingsending, av to grunnar (s. 119):
1. Forma inngår ikkje i det modulære systemet skildra i lenkja ovafor 2. Derimot opptrer forma der vi elles finn adjektiv.
Altså er det best å sjå forma som ei avleidd form.
Men dette inneber ikkje at ho bør få ei separat form i systemet her. Viss det er slik at alle verb dannar imperfektum partisipp med suffikset -ende/-ande til stammen, er det like greitt å ikkje operere med separat bolk, men heller operere med eit suffiks for kvart verb, som gjev, ikkje eit verb, men eit adjektiv. Som adjektiv har det ein del særtrekk (det er ubøyeleg). Det vi ikkje vil ha, er to opne kategoriar der vi klarer oss med ein. Dette er ein uheldig konsekvens av Erik sitt framlegg.
Tilsvarande gjeld for adverb: Det finst ei kjernegruppe med adverb: ofte, ikkje, aldri, osb. I tillegg er det slik at ei form som er identisk med nøytrumsforma til adjektiva kan brukast som adverb (jf. engelsk -ly). Denne er det heller ikkje grunn til å føre opp separat, han kan avleiast frå adjektiva (og frå dei imperfektive partisippa!):
Det går aldri/ofte/strålande.
Mitt råd er altså: Produktiv avleiiing bør vere del av morfologien, men formene bør taggast som avleiingar.
Trond
---------------------------------------------------------------------- Trond Trosterud t +47 7764 4763 Institutt for språkvitskap, Det humanistiske fakultet m +47 950 70140 N-9037 Universitetet i Tromsø, Noreg f +47 7764 5216 Trond.Trosterud (a) hum.uit.no http://www.hum.uit.no/a/trond/ ----------------------------------------------------------------------