Roy-Magne Mo rmo@sunnmore.net writes:
Eg stemmer også for e-ending i infinitiv. Det første arbeidet som har vorte gjort med systemverktøya er men e-ending, som forsovidt også vart gjort av ein sunnmøring...
Det minner meg på:
så eller so verte eller bli først eller fyrst vi eller me ... dette kan verte ei lang liste etter kvart :-)
(eg stemmer for fyrste(!) alternativ i kvart par)
KDE er vel gjennomført med a-ending, kva med å halde seg konsekvent til e-ending i Gnome?
Sidan Karl Ove Hufthammer har lagt ned eit så stort arbeid med a-endingar, føler eg at det er gale av meg å gå inn for ei anna normering enn han kan stå for. Eg kan godt skrive a-infinitiv, eg, sjølv om eg bruker e-infinitiv til dagleg.
Kjetil T.