Kjell Cato Heskjestad skreiv 12.06.2019 20:01:
Kanskje ordet har blitt oversatt i andre programmer med lignende funksjonalitet? Jeg har søkt litt, men uten å finne noe.
*Generelt* vert slikt gjerne kalla «funksjonalitet» på norsk. Typisk spør ein klient (eks. eit e-postprogram) ein tenar kva funksjonalitet han støttar (for eksempel kryptering).
I kartsamanheng *kan* ein òg kalla det funksjonalitet, men det aller meste av det GetCapabilities returnerer, er jo ei oversikt over tilgjengeleg *innhald* – det eg vil kalla ressursar. For eksempel kan karttenaren returnere informasjon om at bygningsomriss, vassflater, vegar og høgdekurver er tilgjengelege. Sjå fjerde bilde på https://huftis.org/artiklar/statens-kartverk-i-google-earth/ for eit eksempel.
Ein får òg informasjon som kan gå under «funksjonalitet»-merkelappen, for eksempel at ein kan få kart i PNG- eller JPEG-format, eller i ulike projeksjonar. Men viss ein *må* ha eit ord som er generelt nok til å dekka alt, og synest «ressurs» vert for snevert, ville eg heller brukt «kartteneste-metadata» (forkorta til berre «metadata» når det går fram av samanhengen at det er snakk om metadata frå ei kartteneste) eller noko slikt.