Johnny A. Solbu skreiv 22.06.2021 01:23:
Then I also noticed an inconsistency in how "..." is 'translated'
The reason is quite simple: muscle memory. For some reason I find it easier to just type «AltGr+.» which produces that.
Ein liten kommentar om dette: Eg har hatt same problem, men då med program som kunne brukast *både* i kommandolinje- og GUI-modus. Det var altså ikkje mogleg å veksla mellom «...» og «…» avhengig av modus. Eg enda opp med å bruka «…» (altså ekte ellipseteikn). Og no brukar eg det òg i program som er reine kommandolinjeprogram. I starten syntest eg dette såg rart ut (når ein brukte fastbreiddskrift), men no synest eg faktisk det er bra. Teiknet har jo ei spesiell tyding (viser til eitt eller fleire valfrie argument), og då er det faktisk rimeleg at det framstår som éi eining / eitt teikn. Så på ein måte er det betre enn den engelske varianten med «...».
Det vert litt som ligaturar, som har blitt så populære (men òg hata) i moderne skrifttypar for programmering. Der vert for eksempel dei to teikna => heller vist som teiknet ⇒ eller liknande. Sjå for eksempel https://github.com/tonsky/FiraCode.