Karl Ove Hufthammer skreiv 23.09.2024 18:36:
Eg har no gått igjennom alt i lista frå a–h, prøvd å ta omsyn til kommentarane her på lista og synsa litt sjølv. Her er mitt forslag:
Og her er mine merknadar til resten av lista. Kommenter/syns gjerne.
Har gått gjennom og prøvd å ta omsyn til kommentarane her på e-postlista (òg dei i e-postar eg ikkje svara på, då eg var einig). Her er ein flettespurnad med det eg kom fram til var aktuelle endringar:
https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/merge_requests/6
Eg ventar nokre dagar med å fletta denne inn, slik at alle som vil, får sett over. Viss de har kommentarar til dei foreslåtte endringane, gjer slik:
Har de konto på GitLab (det er gratis og lett å oppretta), kan de godt kommentera direkte der, på dei aktuelle linjene (under fana «Endringer»). Elles kan de kommentera her på e-postlista.