Hans Fredrik Nordhaug skreiv 05.03.2025 21:50:
Hans Fredrik Nordhaug har sjekka det, og sida er no tilgjengeleg her: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/ordlister/libreoffice-calc-funksjonsna...
[…]
Og tabellen blir veldig bred - hadde vært flott å kunne bare vise den/de kolonnen(e) du ønsker, f.eks. nynorsk.
Grunnen til at tabellen vert veldig brei, er at han inneheld nokre veldig lange funksjonsnamn, som for eksempel «AVRUND.GJELDENDE.MULTIPLUM.OPP.MATEMATISK». Sidan dei ikkje inneheld mellomrom, kan dei ikkje delast over fleire linjer.
Ei potensiell løysing hadde vore å setta inn teiknet «Zero Width Space» (U+200B) etter kvart punktum, for å tillata orddeling (utan bindestrek) der. Men det er uheldig, då det *endrar* teksten (på ein usynleg måte). Kopierer ein inn funksjonsnamnet i for eksempel Calc, vil det altså ikkje lenger fungera.
Det er dessverre ikkje mogleg å seia (med CSS) at ein tillèt orddeling ved punktum. Det næraste ein kan gjera, er å tillata orddeling ved vilkårlege teikn. Det er kanskje ei akseptabel løysing? Då kan formelen verta sjåande for eksempel slik ut:
AVRUND.GJELDENDE.MUL TIPLUM.OPP.MATEMATISK
Er det OK?